Major Tom

Major Tom er ein oppdikta astronaut som vert referert til i David Bowie-songane «Space Oddity», «Ashes to Ashes», «Hallo Spaceboy» (særleg remiksen av Pet Shop Boys), og kanskje i musikkvideoen til «Blackstar». Bowie si eiga tolking av personen utvikla seg gjennom karrieren. «Space Oddity» (1969) syner ein astronaut som på avslappa vis frigjev seg frå verda for å reise mellom stjernene. I songen «Ashes to Ashes» (1980), omtolkar Bowie Major Tom som eit skrått sjølvbiografisk symbol på seg sjølv. Major Tom vert skildra som ein «junkie, strung out in heavens high, hitting an all-time low» (ein narkoman, strekt ut på himmelen, når eit historisk lågmål). Denne teksten vart tolka som eit ordspel på tittelen til Bowie-albumet Low (1977), som vart spelt inn samstundes som han trekte seg attende etter dopmisbruket hans i USA. I tillegg forsterka den sjølvskuldande tonen i tekstlinja «Time and again I tell myself I'll stay clean tonight» (Gong på gong seier eg til meg sjølv at eg skal halde meg rein i natt) den sjølvbiografiske og retrospektive tolkinga.[1]

Den tyske songaren Peter Schilling heldt fram soga om Major Tom seint i 1982 med «Major Tom (völlig losgelöst)», som nådde førsteplassen på salslista i Tyskland og Austerrike tidleg i 1983. Den engelskspråklege versjonen «Major Tom (Coming Home)» nådde 14. plassen i USA seint i 1983. Andre artistar som var innom Major Tom-soga var mellom andre K.I.A.. På grunn av likskapar med Elton John-songen «Rocket Man», er det ein mogeleg samanheng mellom Rocket Man og Major Tom, noko Bowie sjølv forsterka då han på konsertar under «Space Oddity» stundom ropte ut «Oh, Rocket Man!»[2]

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: pp.109–116
  2. Was "Major Tom" the astronaut a real person? from The Straight Dope

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy